Nye opioid tek fleire liv

Illustrasjonsbilde av piller med ulik farge på tablettene.

Illustrasjonsfoto: Mostphotos

Først publisert: 05.06.2025 Siste faglige endring: 05.06.2025

Noreg er eitt av fleire europeiske land med mange dødsfall knytte til nitazener. Nitazener er ei gruppe potente syntetiske opioid som førekjem i fleire europeiske land – inkludert Noreg, og blir knytt til auka dødelegheit.

I ein ny rapport frå European Union Drugs Agency (EUDA) blir nitazener beskriven blant dei mest urovekkjande nye stoffa på den europeiske marknaden. Rapporten er ei omfattande europeisk oversikt på rusmiddelfeltet, som tek for seg trendar over tid, og nye utviklingstrekk på feltet. Det gjeld både utbreiing av bruk av ulike illegale rusmiddel, skadar, behandling, og kriminalitet knytt til bruk og distribusjon. 

Høgpotent og svært dødeleg 

– Nitazener er ifølgje rapporten mykje meir potente enn fentanyl, og sjølv små mengder kan føre til akutt pustestans og død. At Noreg ligg høyt på disse statistikkane, er urovekkjande, seier Linda Granlund, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet. 

I Noreg er det registrert 38 nitazenrelaterte dødsfall totalt, der 35 av desse skjedde i løpet av vel eit år (juni 2023-juli 2024). 

European Drug Report Nitazener er ein type nye syntetiske opioid som er høgpotente, noko som betyr at berre ei lita mengd er nok til å produsere mange dosar. Nitazener kan vere dødeleg i små mengder. Nitazener har først dei siste åra komme på den europeiske rusmiddelmarknaden, og dei einaste nye opioida som er varsla til Early Warning System (EWS) i 2023, var nitazener.   

Helsestyresmaktene i Noreg oppmodar no til auka bruk av nalokson, ei motgift som kan redde liv ved opioid-overdosar. Ved nitazen-overdoser kan det vere behov for høgare dosar enn ved heroin eller morfin. 

Reduksjon i hepatitt C 

European Drug Report viser at Noreg ligg langt framme på kampen mot hepatitt C blant personar som bruker rusmiddel. Noreg blir nemnt spesifikt i rapporten når det gjeld eliminasjon av hepatitt C-viruset blant personar som injiserer rusmiddel. Dette er ei god nyheit som er verd å ta med seg, og Noreg blir nemnt som det einaste landet som har nådd WHO sitt mål om 80 % reduksjon i smitte av Hepatitt C. 

– I Oslo har vi sett den største reduksjonen i Europa, med ein reduksjon frå 46 % i 2015 til 6,7 % i 2023. Andre land som blir nemnt etter Noreg, er Sverige og Spania, påpeikar Granlund.   
– Nedgangen i førekomst kan i stor grad tilskrivast auka behandling, etter at effektive og skånsame legemiddel har vore gratis tilgjengelege for alle med hepatitt C sidan 2018.  

Framleis høg kokainbruk i Noreg 

I Europan Drug Report er Noreg nemnt på grunn av mengda beslaglagt kokain i 2023. Sidan rapporten i hovudsak omhandlar data frå 2023 er det dei høge beslaga frå 2023 i Noreg som blir nemnt (2,3 tonn), saman med langt høgare beslagstal frå land som Nederland, Belgia, Spania, Tyskland, Portugal, Frankrike og Irland.   

 – Noreg er framleis eitt av dei landa Europa der flest unge vaksne og vaksne oppgir bruk av kokain, sjølv om vi ligg lågare enn i fjor på den europeiske samanlikninga. For unge vaksne ligg Noreg på ein 6.plass (bak Nederland, Irland, Estland, Frankrike og Danmark), medan vi for vaksne 15-64 år ligg på ein 5.plass (bak Nederland, Frankrike, Spania og Irland), seier Linda Granlund. 

 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold